
Nyhende
Fjordabladet: Ved hjelp av lokale krefter og støtte frå Innovasjon Norge, realiserer syskjenparet Mette og Stian Bjørhovde i desse dagar sin draum om eige klesmerke.
Haugenfotball.no: Eid 2 vann onsdag ettermiddag 3-2 borte mot Hornindal på Hornindal Idrettspark. Øystein Aabrekk (2) og Magnus Myroldhaug scora for bortelaget, medan Rasmus Gausemel og Edvin Haugen putta for heimelaget.
Fjordabladet: Junioren Håkon Sætre er allereie klar for finalen i feltskyting med glimrande 30/27. Onsdag føremiddag smelte Haugen-skyttaren til med 250 på bane. Med dette er Håkon klar for sin andre finale.
torsdag 05. august 2010 09:03
145 fleire får inntak til vidaregåande opplæring ved 2. gongs inntak til skuleåret 2010 -2011
Skrive av Astrid Grete
Sogn og Fjordane Fylkeskommune: Ved andre gongs inntak 3. august fekk 145 fleire melding om inntak til vidaregåande opplæring i skule. Det er 357 ledige skuleplassar ved dei vidaregåande skulane.
Prosjektgruppa for oppføring av ballbinge ved Haugen skule jobbar med å skaffe eigenkapital til bingen. Haugen idrettslag og Bygdekvinnelaget ønskjer å bidra økonomisk til prosjektet. Men prosjektet treng ytterleg eigenkapital. Privatpersonar og bedrifter som ønskjer det kan vere med å gje eit bidrag.




















