
Nyhende
På Haugenfotball.no finn du bilete frå TINE fotballskule, som er inne i sin aller siste dag i dag.
Starheimsbygda.no: Laurdag 14. august blir det bryggedans, aktivitetsdag og lastebilfestival på kaia på Stårheim. Skiskyttargruppa lagar til mykje aktivitetar på dagtid, vi reknar med at lastebilentusiastane mobiliserar til ei flott utstilling også i år, medan skiskyttargruppa og swing-og linedancegruppa innbyr til dans om kvelden.
Hjalma.no: Haugen Dansegruppe med dansepedagog Candice Bredesen startar opp eit 16 vekers dansekurs i veke 36.
tysdag 10. august 2010 09:14
Skulestart for barneskulane og ungdomsskulen i Eid
Skrive av Astrid Grete
Eid kommune: Eid ungdomsskule og barneskulane i Eid ynskjer velkomne til skulestart måndag 16. august.Skulane startar opp kl 08.50 dersom det ikkje er gjort andre lokale avtalar.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: I samband med kulturminneåret 2009 gav Fylkesmannen ut eit hefte som tek for seg stølsdrift i gamal tid og vern av stølane for framtida.
NRK Sogn og Fjordane: To nordfjordingar startar på turen Nordkapp- Lindesnes i morgon.




















