Banner
Banner
Banner
Nordfjordeid 14℃

Kalender

<<  September 2010  >>
 må  ty  on  to  fr  la  sø 
    1  2  3  4  5
  6  7  8  911
1415
2024
272829   

Kart

Kart

Siste nytt frå

fbl
nrkl
dfl
Jarle Åsebø

Jarle Åsebø

E-post: Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

Laudag 19. juni frå klokka 12:00 blir det stemningsfull og fin jonsokfeiring på Harpefossen, med mykje moro og mange aktivitetar.
Stikkord: Setrevandring, rømegraut og spekemat, riding, hesteskokasting, downhillsykling, dans til musikk av Geir Holmen.
Heile programmet for dagen og kvelden finn du på www.harpefossen.no
Måndag blei det halde generalforsamling i Harpefossen Skisenter AS. Det var berre vanlege årsmøtesaker på saklista, og sidan heile styret blir sitjande eit år til, og rekneskapen for 2009 viser eit pent overskot, blei det eit kort og effektivt møte. Årsmelding og rekneskap finn du på www.harpefossen.no
Harpefossen skisenter: Anleggsmaskiner har vore i sving ei stund med vegbygging til den nye Kjenndalsheisen. Denne veka blei tomta til heishuset gjort klar, og måndagskvelden var eit arbeidslag i gong med å setje opp forskaling for å gjere klart til støyping av fundament.
Arbeidet med å fornye gamle og dårlige vassrør i det kommunale vassverket på Stårheim er no i gong. Les meir og sjå bilete på www.starheimsbygda.no
På Harpefossen har vi hatt ein konkurranse i Alpinorientering gåande det meste av sesongen, i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane. Konkurransen har gått ut på å finne postar som har vore plassert ut rundt om i alpinanlegget, og svare på spørsmåla på desse postane. 
Les meir på www.harpefossen.no
Harpefossen skisenter: Det blei ein lang skjærtorsdag for Oddgeir, Bjørn, Arvid, Jon, Kjell og fleire andre gode hjelparar etter at lageret i vendehjulet på H-fjellheisen havarerte midt på dagen i går. Dette lageret har hatt unormalt kort levetid, noko vi har mistanke om skuldast ein skade på vendehjulet etter eit tidlegare lagerhavari. Sjølv om det var helgedag i går, klarte Bjørn å spore opp at skisenteret på Ørskogfjellet hadde eit pent brukt tilsvarande vendehjul liggande, og i 23-tida i går kveld var dette hjulet på plass i garasjen her på Harpefossen.
Les meir på www.harpefossen.no
Harpefossen skisenter: Vi veit at mange av våre gjester her på Harpefossen har med seg fotoutstyr og knipsar mange fine bilete når dei besøkjer skisenteret. Vi kan godt tenkje oss å vise fram mange av desse bileta, og inviterar hermed alle til å vere med i ein fotokonkurranse.
Harpefossen skisenter:  I går kveld gjekk pudderalarmen på Harpefossen. Oppe i fjellet har det falle bortimot ein halvmeter puddersnø siste døgnet, litt mindre i lavlandet.  Temperaturen ligg rundt 5 minusgrader tidlig laurdag morgon, det er rolege vindforhold, og det kjem enno ei og anna lett snøbye. 
JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Siste kommentarar

Eidaportalen | Design: InMedia
Vêrvarsel frå yr.no, levert av Meteorologisk institutt og NRK